Mellomrommet
i tida
eit ord
kanskje ei bok
frå meg til deg
nytt Forfatter portrett - Boka Broren

mine bøker

Dine Augo
Poesi, lyrikk. Bookea forlag
ISBN 978-82-8467-007-2
Illustratør: Silvia Ilona Sørhagen
Individualisme og sjølvrealisering, som er verdsette byggesteinar i vestlege samfunn, blir til veggar som murer meg inne. Kvar er min ven? Kvar er eg? Kan Vår Far i Himmelen sjå, forstå, nå meg, løfta opp? Eg treng rom, løfta vengene som ørna, flyga, kjenna fridom, glede, sjå verda i større perspektiv, i mylderet av lyd, larm og menneskemassar, finna vegen til eit bankande hjarta, dine augo, finna vegen til deg.

Broren
Poesi, Lyrikkforlaget, vår 2025
ISBN: 978-82-8398-471-2
Illustratør: Silvia Ilona Sørhagen
Ein god ven frå barndom, kanskje nokon blant dine nære, ei søster eller ein bror som du hadde eller har, som du titt hugsar på, blir avgjerande for vandringa og orda sidan. Ein god relasjon blir som ein bror som lever i tanken, i draumen, blir med i daglege gjeremål, på reiser i sumartid og i einsame vinterkveldar. Kanskje bærer vi alle med oss ein bror med sterke jordnære og himmelske kvalitetar, ein bror som er vanskeleg å gripa, forstå, men som vi lengtar etter, anar, prøver å sjå i alt og alle rundt oss.